Ei drømmejul på Reire (på Vågådialekt)

gamle_kort1.jpg

E skriv bæst um natte e`. Når nattefredn ha seinka se og ei stille men lævandes tålgljos står attme me og gje me ro og gode tanke. Da fæ fantasin fritt leike se og i kveill vil e tållå um kålles julkveilln måtte værra før i ti`n – trur e.

Dæ va kjøle kaldt på Reire denne julmårgån. 20 keildegrader beit i nåsån når e skonda me ut på dørheilla. E va spænt på at o bæstemor å`n bæstefar sku kåmmå å feire i hop mæ oss. At døm kom va like sikkert som at det va sjog og bitandes keildegrader dæ, på Reire Julkveiln. «Åh, e stonda så!» -Æ du tullåt du gut, si far min. Ikkje stå dær å uppfør de olagle nå da, og gå inn å få på de klæe! E sto ute der berre i pysjen.

Men e trur`n far va like spænt som me. N`heilt på mæ å måkkå sjoggen så det vart plass åt Forden hass bæstefar. Tree sto tunge tå sjog og greinin heilt på å vart åvbrote tå tyngde tå sjoggen. Dæ va så pent på Reire. Dæ kun te og mæ ein gut på 5 år sjå. Særle va jule veondele fin på Reire. Dæ bar navne sitt mæ rætte. Dæ va eit Reir, og dæ husa me å syskjene mine og n`far å o mor. E va minst da sjølsagt – å så va det o Inga, o Maria å o Marit. Døm tri låg ænda døm.

Dæ vart seint i jårkveill når oss vænta på at `n far pynta jultreet i finstuggu. Dæ æ mæst i høgtiom at oss sit der – og når dø kjøm fræmon folk te gards. O Inga va nå så tullåt ho at o glåma inn nykkjylhålet for å kanskje få sett jultreet før oss andre. Men `n far ha pynta jultre før au hein, så dein mogleheite hadde `n syrtt for va avverga. I mæns måtte oss sitta ved storborde på kjøkenet oss andre da, og oss lågå lækkje tå farga papir som oss sku heinge upp og pynte mæ. Ja e likte bæst å lågå dyr tå konglo e da. Julstalln vart lågå i fjor jul tå ein gåmål skoask og nå mangla det någgå dyr som gjæterein sku hå attme se. O mor kom mæ någgå gåmmål bomull som e tækte konglun mæ og dæ vart fine saue. Ændele kom `n far ut tå finstuggu.

Dæ va høgtid dæ å få kommå inn å sjå jultreet som e og hein hadde vore å haugd uppi reirebakkom. Det sto der midt på golve på ein striduk o mor ha lågå mæ grøne kantband. Dæ rakk heilt uppi taket å stjerna rørte så vidt takbjølkein. E kjænde att mykkjy tå julpynten systrein mine ha låggå på skula. Någgå va nytt au. Men e hugsa eille tingein der. `N far hadde kosta på någgå nye ljosholdere – `n va så reidd tå varma hein da matta. Levandes ljos sto å blafra og det blinka i julkulein – de få som va. Men dæ mangla ikkje på anna julpynt nei! Dæ va glansbilde tå eingle øvst i tree og nedst va det julkorgje fulle tå smørbukkaramelle og kamferdrops. Oss fækk lov te å tå kår sin kamfer før oss la oss.

Før e la me måtte e sjå ænda ein gong på pakkein e hadde låggå i hæmmeleheit. Jentun sku få kår sitt navneskilt som e hadde høvla og fått hjølp tå om onkel mæ å breinne inn navne. O mor sku få ei ny skjærfjøl som e te å mæ hadde måla tå någgå gåmmå måling som sto att. N`far sku få eit askebæger åt pipa si som e hadde hamra ut tå ei gåmmål plåte e feinn. MEN stoltast va e tå fuggelbrættet åt om bæstefar å o bæstemor.

Dø lufta så godt i huse på Reire. O mor hadde strødd ny eine på golve. Dø lufta mat og dø lufta mæssom glæe. E hørde o mor på kjøkene gjekk og tusla mæ sitt. Å `n far satt i gyngestoln sin som vanle og las avisa. Det va som vanle men dæ va någgå ovanle leill. E låg å vrei me leingje. Dæ va så mykkjy å teinkje på – ihvertfall for ein 5 åring.

Te å mæ havergrauten smakte mæssom bære denna julmårgån. Å dæ va spikkjipysje og spikkjiskinke på bordet og tjuke og gomme attåt flattbrøe og lefsa. Va ikkje kvandagsmat dæ ska vætta. E åt men feinn ikkje roe. Va så rastlaus at. -hvis dæ æ bæstein du sit å venta på å æ så orole for, så kjøm kje døm før høgst dag, si o mor. E såg på kjøkenklukka å o va berre 9 um mårgån. – e å `n bæstefar ska reinne oss uppi reirebakkom skjønnau mor, sa e. Rattkjølkjin va prøvd eillereio den, men dæ va liksom någgå eget når de va mæ om bæstefar da. `N sku mæssom tulle så, å gjerra se te hein da veit du – å summe gongo kjørde oss reint avlaust – å da skrattan bæstefar så godt at.

– Du fæ tå fuggelbande og sætta det på staurn ute du nå, sin far. – E ha låggå i stand åt di så det står i eildhuse. Åsså må oss finne te godfore åt sjeiddein og grisein au. Dyre feira jul au på Reire ser du, skrattan far. Eille lævde mæ forventning og va så i godlage i dag dæ va julkveiln. E va å feinn nykjyln åt eildhuse bak dæ nystrokje håndklækaste heinna mor. `N far va nøye mæ at dyre sku ha det godt i jule au ikkje bærre menneskjun sa `n. Dæ va mæ e heilt på mæ å fore sjeiddein at e høyrde tutinge frå Forden has bæstefar. E måtte skratte for dø høyrdest ut som ei gåmmål ku som rauta. E slapp berre alt e hadd i hænd og niflaug  i møte mæ døm. E fækk skikkele blautkjåkkå tå båe to. Oss fækk ei eikrones mjølkesjokolade kårsine, oss tri ongein. Dæ au hva mæssom forvænta. Så vart det kaffeslabberas og nå kom julkakein fram. Dæ va iallefall 7 slag e klarde å tælle, men e klarte me godt mæ fattigmeinn og avlætte. O mor klåggå på at ho ikke riktig ha fått te avlættom i år, men o bæstemor skrytte så tå døm at. Jauda, alt va vanle i år au.

Dæ va messom detta som va jule. Det va de faste tinge som var sagt og gjort kårt år. E ån bæstefar rænde oss på rattkjølkje, å e trur eilder e ha hyla værre, da `n bæstefar datt tå kjølkjin mitt uppi reirebakkom å trilla rondt fleire gongo. Oss såg ut som någgå sjogmeinne når oss kom inn at i varmin. Det va store sjobeille neppå kanten tå brokje mi. Oss va raulette både e `n bæstefar. De lei mot kveil og oss vart meir å meir andakte. Klukka 5 så ringde jule inn og åss satt role ve borde eille sammen, ja utta o mor da som gjekk av og te og sette frampå ribba og poteto, surkåln og tytingen. Heimbåkkå flatbrød og svisko, julpysje å medisterkaku. Va messom lite rart dette mæ ribba for me da – for e visste kæm `n va grisen. E va mæ å slakta mæ `n far og slaktarn. Nå låg `n ikkje attkjeinnan på matbordet og `n sku bli julmiddag åt oss svoltne. Men slik æ dø nå på ein gard sa `n far. Dæ æ detta oss livi tå å mæ – på gardom. E fækk småkkå på heimbryggaølet au. `n bæstefar tulla mæ e kom te å bli rålaus full.

Åh som ås åt! E va så mætt e at e klarte nesten ikkje sitta role. `n bæstefar satt mæ kniven å mæssom målte kå langt bælgen hass hadde att førn nådde bordkanten. Men `n klarte nok kje meir heinn heill. O Inga som va eildst tå jentun sku få læssa juleevangeliet for fysste gång i år. Ellers va nå dæ mæssom `n far si uppgave dæ da. E sat mæ store augo å høyrde på. Kun de værra sant alt detta da? E teinkte på stjerna over stalln og såg upp på stjerna over jultreet. Onde jultreet låg eille gavein. Dæ va iallfall to -tri åt kår. Ja hein Jesus fækk visst au gavo – så da æ det vel heinn å takke teinkte e mæ eit smil um munn. Gaveofninge var liksom høgdepunktet dæ da. Når riskremen og rau saus va vel fortært så va det så vidt oss fækk kårrå oss upp i godstolein.

E va så forondra på kår julnissin budd. Trur kje døm va heil forlikte døm vaksne heil kårn egentle kom frå. Skagsnæbbnissin va vel egentle dein e trudd mæst på at `n va. Men så hadde e nå hørt at `n kun nå kommå frå Nordpole au. Såmmå æ nå dæ så leingje e vart tegodesett mæ inkort.

Julgrauten va bevise på at `n eillereio hadde vore innum, for e ha nå sjækka dæ da matta – uppte fleire gongo. Å da e va innum i fjose fyrry julmiddagen va de jammen ti ei stor skjei uttu trebøyllin. E skonda me å ga grisein resten så kje o mor vart tulle for at `n kje hadde ete upp alt. O vart nå så sint på me kår gång e kje åt upp att! Dæ va mæ håp at nissin såg at e hjalp `n frå armode og kjæftsmeille heinna mor – dæ va nå vel ei god gjerning som fortjente ei ekstra gave dæ sku`n tru.

`N far va hein som sku gå å sætta ut tålgjoset på dørheilla, så nissin feinn fram åt oss som `n sa. `N far kunn kje vætta at e hadde eillereio ubservert at `n ha vore i fjose å ete tå grauten. E rakk kje fortelja de heill, før `n far va ute tå huse. Og dø va kje leingje `n va burte heil før det vart eit svarve læven i svalgangen. E vart nå så reidd e at e kraup nærmar o bæstemor og tviheildt o i armen. Å ho satt der berre å skratta å sa som o plægga si; Nei så tyle at skagsnæbbnissin kjøm åt oss i år au leill! Dø trampa hardt gjennom kjøkenet og inn i finstuggu kom `n Julnissin. E tykte mæssom at `n vart meir å meir krokåt for kårt år. – Æ dø nuggun snille onge her? `n mæssom brumma så i skjeigget nårn sa det. E fækk kje fram eit ord. Men e rakk så vidt å teinkje at `n far gjekk nå glipp tå alt detta heinn nå – å de kunn nå vore ei tryggheit å haft heinn her! Eille satt å skratta å o mor feinn fram vetlkrakken. -Du fæ sitta her du skagsnæbbnisse for du æ vel otyle kjei tå å fårrå så langt. Nissin fækk ette mykkjy umstendeleheit fløtt rævve si neppå krakken. `n va så tjukk å vombåt at de va så vidt `n fækk bøygd se. -Men kå kjære vart de tån far da?- si o mor å skratta å slæ se på knen. E tykte messom at o tok de væl bra at `n far gjekk glipp tå eill uppstandelsen å ikkje minst gavun.`

`N far kom kje att heil heinn før eille gavun va utdelte. Dø va nå som uppågjort, at nissin ha kje før gått att, før oss høyrde at `n far kosta tå se sjoggen i svale. – At du eilder kein heille det inne dein eine gongen i åre nissin æ her da si o mor, men o va kje sint men skratta like mykkjy. O æ så rar o mor julkveiln – ho skratta tå alt. Ja eille æ så glade. Sjøl `n far som gjekk glipp tå heile greia sitt der og ser ut som at alt æ i skjønneste orden.

E sku nå fortalt eitt å einna e da, åt `n far. Dø va kje vært `n satt der og trudd alt va i skjønneste orden. E sto i glase e når nissin va gått og trur du kje at nissin kyssa o mor rætt på trute! Men e va kje dein som skull lågå de otrivle på sjølvaste julkveiln så e fækk vente mæ å si någgå te seinar. 

E ser ront me – å eille sitt mæ raue kjåkkå, mætte å goe. Pakkun æ pakka upp å eille offa å bær se får kå snarteinkte eilla ha vore mæ julgavun i år. Tævasokkein måtte e bære hå på me mæ ein gong og døm va så mjuke å varme. Nissin visste det heinn at det va gått hol på de gamle. Såmmå mæ huva – ei blå strikkahuve mæ øyrlappe. E fækk ny håmmår sjån far – så slapp `n å leite ette håmmårn sin sjøl sa`n. Men finaste gava fækk e sjå `n bæstefar å o bæstemor. Ein rau lastebil. Så blank at det skein tå om. Mæ lasteplan! Å trur du kje dæ va ei gave frå sjølvaste skagsnæbbnissin! E visste det! `N hadde sett at e berga `n fra kjæftesmella heinna mor. Ein ørliten utskore eingel i tre. Dein tok e mæ me i seingje å heldt i hændom mine heilt te e sovna. Viss på at jule va likaste tie på året. E merkte me så vidt at `n bæstefar sto i døropnige å flein åt me. God Jul Kjellemann sa`n. Du æ nå likast du sa`n. E sovna mæ smil ront munn.