Du vakre gamle menneske


Du gamle andlet,
sliten i augene
Ramma inn i rynker
Som fortel om eit liv
I arbeid – i omsorg og uro

Fortida ligg bak deg
Og framtida reknast i månader, få år
Ein dag om gongen
Små skritt mot dødens port.

Utgangen av livet
Som du ventar på
Og lengtar etter
Du har gjort ditt
Det er godt å få kjenne
Hendene og føtene,
Kjenne kvila i kropp og sjel

Men gleda er der au
Eg ser den i gjennom augun dine
Ei rynke frå eller til
Som syner gleda over
eit mektig langt liv

Dei andre har klart seg bra
stelt seg vel
klarer seg sjøl – no..
Dei kjem ein og ein som regel
Ser dei ikkje så ofte du vil
Travelt for dem i dag.

Du er klår og tankana vandrar
På menneske som har forlatt deg
Gått føre deg og saknan
På andre sida
Der ljoset skin og
Eit gledeleg gjensyn ventar
På deg au

Du ventar på dagen som skal koma
Da kvila fell inn
Da stilla for alltid vil syna
At livet ditt ble slik du venta
Frå ditt eiga sinn.

Da rynkene blir glatta ut
Og augun blir letne att
Da di mjuke stemme blir sakna
Og eit liv slokna att.

(kjell morten bråten)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s