Blir ordinert som prest
– Ei stor ære, seier Kjell Morten Bråten. Vågåguten som bur i Skien, er innstilt til presteordinasjon i Den Norske Unitarkyrkja. Trussamfunnet sin andre prest.
Dato: 25.02.09 Skrevet av: Arve Danielsen Publisert av: Terje Randen http://www.fjuken.no/art/view/845
Blir prest:
I september reiser Kjell Morten Bråten til Ungarn for å bli ordinert til prest i Den Norske Unitarkyrkja. – Ei stor ære, seier han. – Det er med stor ære eg har teke på meg denne oppgåva og gjerninga. Eg kjenner meg audmjuk for å bli spurd, seier Kjell Morten Bråten. Han fortel at han vart spurd om å bli prest i Den Norske Unitarkyrkja før jul, og brukte ikkje lang tid å tenkje seg om før han svara ja.
Open kyrkje
Den Norske Unitarkyrkja vart registrert som trussamfunn her i landet i 2005. Per i dag har kyrkja berre ein prest, men når Kjell Morten Bråten blir ordinert til prest i Bela Bartok unitarkyrkje i Budapest i Ungarn i september, blir dei to. Unitarkyrkja ønskjer å vere ei open kyrkje, der alle skal vere velkomne til å dele av sine erfaringar, tankar og meiningar. – Her er ein velkomen anten ein er homofil, heterofil, ung, gamal, tjukk eller tynn, seier Kjell Morten.
Han fortel at han i fleire år har skrive ein blogg på nettet. – Unitarkyrkja har fanga opp det eg har skrive og har likt meiningane eg har stått for. Desse tankane meiner dei er gode nok til å kvalifisere til å vere prest, seier Kjell Morten. Han fortel at han ikkje er personleg kristen, men at han har barndomstrua i behald.
Homofil
Kjell Morten er open på at han er homofil. Dette har gjort at han har møtt mange stengde dører, særleg hjå konservative kristne. – Det har aldri vore noko problem i Vågå når eg har stilt opp som fadder under dåp. Det er mest gjennom bloggen eg har møtt kristne som ber om at eg skal bli som dei. Eg kan gjerne vere homofil, men ikkje leve i homofil praksis. Homofil praksis er ikkje annleis enn at ein som menneske kan bli glad i ein annan person. Unitarkyrkja spør ikkje om eit menneske er godt eller ikkje. Her skal ein vere mot andre slik ein vil at andre skal vere mot deg. Homofil legning er ikkje noko eg har valt, det er noko eg er, seier Kjell Morten.
Flykta
Sjølv om han i dag går med rak hovud, var det ikkje like lett å stå fram som homofil i 1991. – Eg har opplevd heimbygda både på godt og vondt, seier Kjell Morten. Han legg ikkje skjul på at rykta og vondskapen om at han var homofil var grunn til at han nærast flykta frå bygda. – Det var kanskje ei frykt og redsel for det ukjende, seier Kjell Morten og fortel at dei fleste av dei som oppførde seg ille mot han den gongen, i ettertid har kome og bede om orsaking. – Dei er tilgitt, seier han raust.
Same guten
Kjell Morten som i dag bur i Skien er klar for utfordringa med å bli prest. Fram til ordinasjonen i september skal han gå «i lære» hjå den hittil einaste presten i Unitarkyrkja. Den næraste kyrkja ligg i København, og kyrkjesamfunnet har i dag ein kvart million medlemmer i Europa. Når Kjell Morten er ordinert til prest, får ein myndigheit frå fylkesmannen til å vie både homofile og heterofile. – Om eg blir sett på som homofil eller prest i folk sine augo, eg er den same guten som eg støtt har vore, seier Kjell Morten Bråten.





